Hopp til hovedinnhold

Hestefag

Elevar frå hestefag på ridetur i skumringa.

Hestefag - for deg som vil ha hest som hobby eller yrke!

Voss vgs ynskjer deg velkomen til ein ny og moderne stall, her er det plass til 18 hestar. I tillegg er det eige undervisingsrom, salmakarverkstad og klasserom der me kan ta inn hestar i undervisinga.

Me har ridehall, ein stor utekøyrebane og rundløype til trening av hestar. I nærmiljøet til skulen finn du Voss hestesportsenter som vart opna i 2019 med ny travbane, internasjonale mål på køyre- og ridebane samt flotte treningsløyper. Rundt skulen er det flotte moglegheiter for turridning.

Vg1 Hest

På Vg1 har me fokus på grunnleggande hestekunnskap i kombinasjon med utvikling av dine ferdigheiter innan bruk av hest. Du kan prøve ut ulike greiner innan hest og du kan sjølv velje å fordjupe deg i eit spesielt interessefelt 6 timar i veka. Det er ikkje nødvendig å ha med eigen hest, men om du har, er det stallar i nærområdet til oppstalling av hest.

Hestefaget kan kombinerast med både generell og spesiell studiekompetanse. Etter Vg1 kan du gå vidare til Vg2 hest, eller du kan velja ei av dei andre Vg2-linjene på Naturbruk.

Vg2 Hest

– for deg som vil ut i lære eller gå vidare på Vg3 og til dømes verta veterinær!

På Vg2 får du vidareutvikla grunnkompetansen du har tileigna deg på Vg1 hest. Skulen tilbyr hest i skogen, turridning med overnatting, grunnleggjande dressur og sprang og køyring etter interessefelt, naturleg hestehald, temming av unghest, salmaking, enkel hovslagning og meir.

Skulen tilbyr og internasjonalisering gjennom Erasmus+ stipend og utplassering i hestebedrifter på Vg2.

Hestefaget kan kombinerast med både generell og spesiell studiekompetanse. Dersom du ynskjer spesiell studiekompetanse brukar du timane i valfag til matematikk, biologi og kjemi. Etter vg2 kan du gå vidare til vg3, eller du kan gå ut i lære og ta fagprøve etter 2 års læretid. Våre tidlegare elevar har etter hestefaget vidareutdanna seg til travtrenar, hovslagar, ridelærar, politi, lærarar, veterinær, sjukepleiar, fysioterapeut men og andre yrker.

Ynskjer du å bli betre kjent med hestefaget før du vel vidaregåande skule er du hjarteleg velkommen på besøk til oss.

Booking av ridehallen ved Voss vgs

Følg hestelinjavoss:
Tik Tok      Instagram