Hopp til hovedinnhold

Teknologi- og industrifag

Arbeid på verkstaden til industriteknologi.

Teknologi- og industrifag er ei yrkesfagleg utdanning. Her kan du mellom anna lære meir om maskinar, produksjonsprosessar, automatisering og programmering av robotar. Etter 2 år i skule kan du søkje om læreplass for å ta fagbrev. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velja teknologi- og industrifag?

Har du sans for ny teknologi og har praktisk sans er teknologi- og industrifag noko for deg. Med teknologi- og industrifag kan du velja mange ulike retningar.
På vilbli.no finn du meir informasjon om utdanningsprogrammet og kva du kan bli.

Vg1 er felles for alle som vel teknologi- og industrifag.
På vg2 kan du søkje deg inn på: 

  • arbeidsmaskiner
  • køyretøy
  • industriteknologi

Vg 1

Du vil få kunnskap og trening i:

  • produksjon, tekniske tenester, dokumentasjon og kvalitet.
  • planlegging av arbeid, bruk av verktøy og måleinstrument.
  • overvaking og drift av manuelle og automatiserte prosessar og materialkunnskap. 
  • lære å dreie, frese, bore, kappe, skjere, sveise og lodde metall.
  • korleis du skal vurdere risiko.
  • dokumentere arbeid ved hjelp av teikningar og ulike skjema.

Du vil få bruke denne kunnskapen i praktisk arbeid på skulen sin verkstad. Du vil også i periodar arbeide ute i praktisk arbeid i bedrifter i nærområdet til skulen. Skulen har kontakt med ulike bedrifter, men du kan også finne ei bedrift som du sjølv ordnar kontakt med.

Elevar på verkstaden i teknologi- og industrifag.

Informasjonsfilmar

Her finn du informasjonfilmar om teknologi- og industrifag.

Vg 2 arbeidsmaskiner

Du lærer her om vedlikehald og reparasjon av arbeidsmaskiner innan landbruk og anleggsverksemd.

Teknologi og teknologisk utvikling innan fagområdet gjev store krav kvalitet og sikker og rasjonell bruk av arbeidsmaksiner. HMS, gode prosedyrar, lover og forskrifter vil vere ein viktig del av opplæringa.

I delar av året vil du få praksis i bedrifter som skulen har kontakt med, eller bedrifter etter eige ynskje.

Du kan bli lærling når du er ferdig med 2. året på skulen.

Du kan og ta generell studiekompetanse enten før eller etter du har tatt fagbrev, då kan du søkja høgare utdanning ved høgskular eller universitet. Nokon studier, som ingeniør, forutset at du har visse realfag.

Du kan også søkja opptak til høgare utdanning etter forkurs eller gjennom Y-vegen, yrkesfagleg veg til høgare utdanning. Y-vegen er berekna for deg som har relevant yrkeskompetanse. Etter fagbrev kan du søkja fagskuleutdanning.



Vg 2 køyretøy

Har du lyst å bli bilmekanikar kan du velja vg2 køyretøy. Mykje av opplæringa vil gå føre seg i verkstaden og du får sjansen til utplassering i bedrift i løpet av skuleåret.

Sentrale arbeidsoppgåver vil vera:

  • søkja etter elektroniske og mekaniske feil
  • gjennomføra service og vedlikehald av køyretøy
  • utføra reperasjonar og skifte delar

Du kan bli lærling når du er ferdig med 2. året på skulen.

Du kan og ta generell studiekompetanse enten før eller etter du har tatt fagbrev, då kan du søkja høgare utdanning ved høgskular eller universitet. Hugs at nokre studiar, som ingeniør, forutset at du har visse realfag.

Du kan også søkja opptak til høgare utdanning etter forkurs eller gjennom Y-vegen, yrkesfagleg veg til høgare utdanning. Y-vegen er berekna for deg som har relevant yrkeskompetanse. Etter fagbrev kan du søkja fagskuleutdanning.



Vg 2 industriteknologi

Industriteknologi er eit av dei breiaste yrkesfaga, og gir moglegheiter til å gå ut i lære på mange fagområde.

Vg2 industriteknologi gjev elevane kompetanse i teknologiske, produksjonsretta og framtidsretta yrker. Denne typen industri er prega av teknologisk utvikling med aukande grad av automatisering og datastyring av arbeidsprosessar.

Me vil gje ei opplæring som skapar kvalifiserte og omstillingsdyktige fagarbeidarar til det store spekteret av yrker som denne fagutdanninga kan føra fram til.

Du kan bli lærling når du er ferdig med 2. året på skulen.

Du kan og ta generell studiekompetanse enten før eller etter du har tatt fagbrev, då kan du søkja høgare utdanning ved høgskular eller universitet.

Hugs at nokre studier, som ingeniør, forutset at du har visse realfag. Du kan også søkja opptak til høgare utdanning etter forkurs eller gjennom Y-vegen, yrkesfagleg veg til høgare utdanning. Y-vegen er berekna for deg som har relevant yrkeskompetanse. Etter fagbrev kan du søkja fagskuleutdanning.

Bli lærling

Etter vg2 kan du søkja læreplass i ei godkjend lærebedrift. Det er også mogleg å velja påbygging til studiekompetanse før eller etter læretida. Sjå meir om det å bli lærling.