Har du sans for god mat og god drikke? Er du kreativ og nøyaktig? Har du interesse for kosthald og helse. Er nysgjerrig på smak og nye rettar? Då kan restaurant- og matfag vere noko for deg. Du kan gå 2 år på skule og deretter bli lærling. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
Kvifor velja restaurant- og matfag?
Restaurant- og matfag er faga for deg som er interessert i servering, matforedling og matproduksjon. Me tilbyr stor variasjon og breidde i faga våre, og tilbyr deg moglegheita til å gå mot elleve ulike fagbrev. På vilbli.no finn du meir informasjon om utdanningsprogrammet og kva du kan bli.
Utdanningsprogrammet gir stor variasjon og arbeidsmoglegheiter nasjonalt og internasjonalt. Det er gode forutsetningar for å finna yrket og bedrifta som passar for deg.
Du vil som elev hjå oss få opplæring tilpassa yrket du vil arbeida med. Me tilbyr alle studieretningar innan restaurant og matfag på vg1 og vg2.
Informasjonsfilmar
Her finn du filmar som viser litt av breidda me kan tilby.