Hopp til hovedinnhold

Villmark

Villmarkselevar på kajakktur.

Villmarkslinja er for deg som ynskjer ein naturleg veg til studiekompetanse.

Ei vidaregåande utanom det vanlege – for deg som elskar eventyr!

Likar du å vere ute i naturen? Har du lyst på ein skulekvardag der du lærer gjennom opplevingar, ikkje berre teori? Då kan Villmarkslinja vere perfekt for deg!

På VG1 kombinerer vi skule og friluftsliv. Klasserommet er ofte fjellet, skogen eller elva – der du får lære om naturlege samanhengar og korleis vi menneske påverkar verda rundt oss.

Frå første veke får du prøve mange forskjellige aktivitetar:

  • Fjellturar – lær orientering, sikkerheit og hausting i naturen
  • Skiturar – utvikle gode skiferdigheiter, lær om turplanlegging, snøforhold og skredfare
  • Kano og kajakk – lær teknikk og tryggleik på vatnet
  • Jakt og fiske – forstå korleis vi kan bruke naturressursar berekraftig
  • Klatring – utfordre deg sjølv og jobb saman med andre

På VG2 tek du steget vidare og lærer å planlegge og leie turar. Du får tema som brevandring, fiskeforvaltning og entreprenørskap, og kan velje valfag som jakt, fiske, elvepadling, ski og klatring.

Skulekvardagen

Gjennom dei to første åra har du i snitt to og ein halv dag i veka med villmarksfag og resten med vanlege fellesfag. Vil du ha spesiell studiekompetanse? Då kan du byte ut ein dag med realfag.

Men det kanskje beste med Villmarkslinja? Turlivet! Kvar skuleår søv vi ute om lag 15 netter, enten i snøhole, telt eller under open himmel. Dette gir deg ekte erfaring med friluftsliv, læring gjennom meistring og minner for livet. Turane varierer i lengde, frå dagsturar til lengre ekspedisjonar der vi testar ferdigheitene våre i ulike miljø og årstider.

Etter to år med Villmark går du over på VG3 studieførebuande, der du får alle faga du treng for å søke høgskule eller universitet. Om du vil bli politi, lærar, sivilingeniør eller noko heilt anna – Villmarkslinja gir deg ein unik skulekvardag og eit sterkt grunnlag for framtida.

Villmarkslinja passar for deg som:

  • Elskar å vere ute og er glad i friluftsliv
  • Likar å lære gjennom praktiske opplevingar
  • Ønskjer ein variert og aktiv skulekvardag
  • Vil ha utfordringar, meistring og gode opplevingar
  • Vil vere ein del av eit tett felleskap og få venner for livet

Tre år med eventyr, læring og vennskap for livet – er du klar?

Må eg vere god til friluftsliv? 
Nei, kvart år får me elevar med alt frå ingen til mykje erfaring, og det går veldig fint. Alle skal gjennom basisferdigheiter, og lærer mykje av kvarandre. Etter tre år på villmark sit alle att med god kompetanse og brei erfaring innan friluftsliv. 

Kva for utstyr treng eg? 
Du treng vanlege turklede, fjellski, sovepose og liggeunderlag for vinterbruk. Du kan fint kjøpe brukt eller kanskje finne noko i skapet heime. Om du ikkje har alt til skulestart gjer det ingenting, lærarane hjelper deg å velje rett utstyr. Du treng ikkje kjøpe telt, primus, kajakk, skredutstyr, toppturski osv. skulen har det du treng av slikt. 

Kor mykje av tida er det villmarksfag? 
På VG1 og VG2 er det tre dagar i veka med villmarksfag, og to dagar med fellesfag (norsk, matematikk, naturfag, osv). Hvis du ønskjer spesiell studiekompetanse blir ein av villmarksdagane bytta ut med ein realfagsdag.
På VG3 går ein påbygg, så då er det meir fellesfag, men du kan velje friluftsliv som valfag med fem timar i veka.

Får eg studiekompetanse? 
Ja, alle som fullfører villmarkslinja får generell studiekompetanse, som blir kravd for å kome inn på dei fleste høgare studiar i landet.
Me tilbyr også spesiell studiekompetanse, viss du ønskjer å bli til dømes ingeniør, veterinær eller andre yrke som krev ekstra realfag. 

Kor store og mange klasser er det? 
Klassane er på 15 elevar, så me får eit godt og tett miljø i klassen, der alle kjenner alle. Dei siste åra har det vore to parallellklassar på kvart trinn, og så lenge det er nok søkjarar held me fram med det. 

Kor kan eg bu? 
Om du ikkje er frå Voss kan du bu på internatet, der er det eit godt og sosialt felleskap mellom elevar som går villmark og andre linjer på skulen. Det er også mogleg å leige hybel på Voss. Det er ganske vanleg å bu på internatet når ein går VG1, og flytte på hybel etter det. 

Får eg mat på skulen? 
Skulen har eit mattilbod som ein kan abonnere på, då får ein frukost, matpakke og middag på skulen. For dei som ikkje har mattilbodet er det likevel gratis havregraut i kantina kvar morgon. 

Eg kjenner ingen som går der 
Du er ikkje ålene, kvart år byrjar elevar som ikkje kjenner nokon. Det varar som regel ikkje meir enn eit par dagar før du har vener i klassen, parallellklassen og på internatet. 

Velkomen til villmarkslinja! 

Utstyr du treng dei 14 fyrste skuledagane. Er det noko du treng å kjøpe, anbefaler me at du ventar til etter skulestart.
  • Fjellsko
  • Turbukse og genser
  • Ullstilongs og ulltrøye
  • Lue, hanskar/vottar og buff/skjerf
  • Ullsokkar
  • Vass- og vindtett jakke og bukse
  • Sovepose (skal du kjøpe ny, ta kontakt for råd)
  • Liggeunderlag (vanleg skumunderlag fungerer fint)
  • Hovudlykt
  • Kniv (kniv frå byggevare eller liknande er heilt fint)
  • Kompass
  • Vassflaske
  • Tallerken, kopp og bestikk
  • Termos
  • Solbriller og solkrem
  • Dagstursekk, minst 30 liter

Utstyrsliste villmarkslinja

På villmarkslinja brukar me ein del utstyr til dags- og overnattingsturar. Som regel har du det du treng heime, eller du kan få lånt av familie og vener.

Er det noko du treng å kjøpe, anbefaler me at du ventar til skulestart. Eller du kan sende ei melding til ein av villmarkslærarane og spørje, det er så dumt å kjøpe feil. Me anbefalar videre å kjøpe brukt, både for å spare miljøet og økonomien.

Følg villmarkslinja Voss vgs:
Tik Tok      Instagram      Facebook