Er du interessert i natur og miljø, dyr og menneske? Då kan naturbruk passe for deg. Du kan bli lærling etter 1-2 år på skule, og så ta fagbrev. Du kan også gå vidare på Vg3 og ta yrkeskompetanse eller studiekompetanse, avhengig av kva programområde du vel.
Kvifor velja naturbruk?
Naturbruk er ein praktisk og spanande veg til yrkeskompetanse eller til studiekompetanse. På vilbli.no finn du meir informasjon om utdanningsprogrammet og kva du kan bli.
På vg1 naturbruk har me tre studietilbod:
Med generell studiekompetanse kan du søkja deg inn på høgskular og universitet. Med fordjuping i realfaga vil dei aller fleste studieretningar vera opne for deg. Kompetanse innan naturbruk vert verdsett i stadig fleire yrke:
- ved oppstart av eiga verksemd
- i arbeid innan grøn omsorg, med born og unge og menneske med særskilte behov
- lærar, politi, psykolog, sjukepleiar, fysioterapeut og IT-kandidat
- gardbrukar
- rettleiar innanfor landbruk
- sivilagronom, advokat, bioteknolog