Hopp til hovedinnhold

Bygg- og anleggsteknikk

 Elev i arbeid på verkstaden.

Er du praktisk anlagt og har godt handelag kan dette vere faget for deg. Du går 1-2 år på skule før du begynner som lærling i ei bedrift. Du kan i tillegg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velja bygg- og anleggsteknikk?

I dette faget får du byggja og vedlikehalda bygningar og anlegg.

Du kan ta fagbrev som tømrar, taktekkar og mykje anna. På vilbli.no finn du meir informasjon om utdanningsprogrammet og kva du kan bli.

Vg1 er felles for alle som vel bygg- og anleggsteknikk.
Hjå oss kan du på vg2 søkja deg inn på:

  • tømrar
  • betong og mur

Vg1

På vg1 vil du få grunnleggjande kunnskap om bruk av verktøy, maskiner og materialar. Første året vil du i tillegg til fellesfaga ha desse programfaga:

  • arbeidsmiljø og dokumentasjon
  • praktisk yrkesutøving


Du vil læra alle fasar i ein arbeidsprosess frå planlegging, teikning, utføring og dokumentasjon av eige arbeid. Det blir lagt stor vekt på praktisk arbeid og på å utvikle handverksmessig dugleik.

Programfaga skal og gje deg kompetanse i bruk av digitale verktøy og vurdera korleis miljø- og klimaendringar påverkar bygg- og anleggsbransjen. Dei skal bidra til å vidareføre kunnskap om bygg- og anleggsbransjens historie, utvikle kulturarven og skape løysningar for framtida. Videre skal programfaga medverke til å forvalte ressursane på en berekraftig måte.

I programfaga praktisk yrkesutøvelse vil du arbeida med prosjekt utanfor skulen. Saman med lærar vil du vera med på å byggja eit mindre bygg. Me nyttar den siste ny teknologien innan teikning t.d. AutoCad. Du får både sertifisert og dokumentert opplæring som ein del av grunn
utdanninga.

Ein dag i veka vil du vere utplassert i bedrift som del av faget yrkesfagleg fordjuping.

Bygning under arbeid.

Elevarbeid ved byggfag

Passande arbeid for bygg- og anleggsteknikklinja kan vera garasje eller carport med betongarbeid, eller større bygg med innreiingsarbeid. Me ynskjer og mindre bygg som reiskapsbu o.l. Sidan skulen har eiga linje i betong- og murarfaget, er me spesielt ute etter oppdrag innanfor desse faga. Passande arbeid for betong- og murarlinja kan vera forstøtningsmurar, mindre bygg i betong eller leca.

Søknadsskjema finn du her docx-format og pdf-format, eller du kan ta kontakt med skulen på telefon 415 40 274.
Søknadsfrist: du kan søkje fram til midten av mai.

 

 

Oppsetting av hus

Sjå filmar om byggfag

Her kan du sjå informasjonsfilmar om bygg- og anleggsteknikk.



Vg2 tømrar

I tømrarfaget lærar du å bygge ulike bygningskonstruksjoner. Ein bygningskonstruksjon er eit byggverk med mange ulike deler, lag og materialar, som skal virke saman på ein bestemt måte. Dette vil du som tømrar vera med å bygge i praksis. I løpet av andre året på skulen skal du i lag med medelevar og lærarar oppføre eit større bygg.

I lengre periodar er elevane ute på byggeplass. I tillegg er elevar ute i praksisperiodar i lokale eller regionale bedrifter etter avtale mellom bedrifter, skulen og eleven. Dette gjev verdifull praksiserfaring for elevar i tømrarfaget.

Du kan bli lærling etter 2 år på skule.

Du kan og ta generell studiekompetanse enten før eller etter du har tatt fagbrev, då kan du søkja høgare utdanning ved høgskular eller universitet. Hugs at nokre studiar som ingeniør forutset at du har visse realfag. Du kan også søkja opptak til høgare utdanning etter forkurs eller gjennom Y-vegen, yrkesfagleg veg til høgare utdanning. Y-vegen er berekna for deg som har relevant yrkeskompetanse. Etter fagbrev kan du søkja fagskuleutdanning.

Vg2 betong og mur

Betongarbeidaren bygger forskaling, armerer og støyper ulike konstruksjonar alt frå store demningar til enkel fundament for hus. Betongarbeidaren har ein spennande og allsidig jobb med mange store og spennande utfordingar. Betongfaget treng fagfolk som er kreative, nyskapande og miljøbevisste. Betongarbeidaren må også kunne samarbeida med andre fag og kunne arbeide planmessig og nøyaktig.

I murarfaget er mange moderne hjelpemiddel tatt i bruk, men tradisjonelle handverksmessige metodar dominerer i faget. Som murer må du ha godt handlag, praktisk sans, vera nøyaktig og ha god fysikk. Som murar skal du kunne kommunisera med kundar og kollegaer, og kunne arbeide planmessig.

I lengre periodar vil du vere ute på byggeplass. I tillegg vil du vere ute i praksisperiodar i lokale eller regionale bedrifter etter avtale mellom bedrifta, skulen og eleven. Dette gjev verdifull praksiserfaring for i murarfaget.

Du kan bli lærling etter 2 år på skule.

Du kan og ta generell studiekompetanse enten før eller etter du har tatt fagbrev, då kan du søkja høgare utdanning ved høgskular eller universitet. Hugs at nokre studiar som ingeniør forutset at du har visse realfag. Du kan også søkja opptak til høgare utdanning etter forkurs eller gjennom Y-vegen, yrkesfagleg veg til høgare utdanning. Y-vegen er berekna for deg som har relevant yrkeskompetanse. Etter fagbrev kan du søkja fagskuleutdanning.
Sjå meir om Y-vegen her

Vegen vidare

Etter to å i skule kan du søkje læreplass i ei godkjend lærebedrift. Sjå meir om det å bli lærling

Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse (før eller etter læretida) for å kunne studere vidare på høgskule/universitet.