Voss vidaregåande skule er ein regionskule med eit breitt fagtilbod. Me tilbyr både yrkes- og studiespesialiserande fag, arbeidstrening og ikkje minst har me eit velutvikla internasjonalt samarbeid med fleire skular og arbeidsplassar i heile Europa.
Moderne læring i vakre omgjevnadar
Voss vidaregåande skule er ein moderne yrkesfagleg skule i Vestland fylke som stod ferdig skuleåret 2016-17. Skulen som er lokalisert i Skulestadmo (3 km frå sentrum) ligg vakkert til omkransa av idylliske Lundarvatnet og Lønahorgi – og har plass til om lag 400 elevar.
Voss vgs er ein av dei største yrkesfaglege skulane i indre Vestland og tilbyr fem yrkesfaglege utdanningsprogram. Forutan dei yrkesfaglege utdanningane, tilbyr me også studieførebuande utdanning der elevane kan få både generell og spesiell studiekompetanse.
Topp moderne og framtidsretta
Du som kjem til skulen vil møta fine klasserom og undervisningshallar og topp moderne maskiner og utstyr. Skulen si hovudmålsetjing er å skapa ein fagleg møteplass der skule og arbeidsliv samarbeider tett om fagutviklinga og innhaldet i undervisninga. Opplæringa skal for alle utdanningsområda vera prega av at den er framtidsretta og røyndomsnær i både innhald og arbeidsmetodikk.
Som elev ved Voss vidaregåande skule vil du vera ein del av vårt faglege og sosiale miljø der du får utvikla kompetanse og kunnskap innan det fagfeltet du interesserer deg for.
Me har internasjonalt samarbeid med fleire skular og arbeidsplassar i heile Europa.
Regionalt tilbod innan yrkesfag
Voss vidaregåande skule har regionale tilbod innan yrkesfag, og er ein framtidsretta læringsstad. Vår hovudoppgåve er å kvalifisera elevane til arbeid i det lokale og regionale næringslivet.
Klare til næringsliv og høgare utdanning
Voss vgs er skulen som gjer deg klar til næringsliv og høgare utdanning!
Med utgangspunkt i visjonen til skulen – attraktiv og framtidsretta – legg me sterkt fokus på at både læringsmiljøet og det sosiale miljøet ved skulen er særs godt tilpassa alle våre elevar. Me arbeider for at all undervisning i alle fag, både teori og praksis, har høg kvalitet og er framtidsretta slik at elevane våre skal vera klare til å møta arbeidslivet sine behov for
framtidig kompetanse.
Voss vgs tek mål av seg å vera eit ‘akademi for kloke hender og kreative hjernar’, og me ynskjer å vera med å utdanna morgondagens beste fagarbeidarar, og ikkje minst; sikra oss at elevane fullfører og består med brei kompetanse for både arbeidsliv og vidare studiar.
Skulemiljø
Me jobbar for eit godt og inkluderande skulemiljø. I fellesareala har me ulike aktivitetstilbod. I Hjarterommet i 1. etg. har me eit air hockeybord, og me har eit bordtennisbord til bruk for alle elevar i fellesarealet i underetasjen.
Dersom du treng ein stad å bu når du går på skule, har me Rogne internat. Du kan sjå meir om internatet.
Tilgjenge
På nettsida til Bygg for alle kan du lese om tilgjenge ved skulen.