Hopp til hovedinnhold

Dysleksivenleg skule

Voss vgs er av Dysleksi Norge sertifisert som dysleksivenleg skule.

Godkjenninga som dysleksivenleg skule inneber at skulen har eit system for kartlegging, tiltak og oppfølging når det gjeld lese- og skrivevanskar blant elevane.

Voss vgs vil skapa eit inkluderande og støttande læringsmiljø der alle elevar får moglegheit til å utvikla seg og meistra for å nå sitt fulle potensial.

Hjelpemiddel og rettar ved prøvar og eksamen 

Elevar med lese- og skrivevanskar har rett på ulike hjelpemiddel tilpassa deira individuelle behov. Dette kan for eksempel vera digitale lærebøker/lydbøker og hjelpemiddel for lese- og skrivehjelp som Lingdys Pluss.

Tilrettelegging ved eksamen

Har du behov for særskilt tilrettelegging av eksamen eller prøvar, må du søkja om dette.
Særskilt tilrettelegging ved eksamen kan vera blant anna:

  • utvida tid
  • opplesing av oppgåve
  • forstørra skrift
  • lydfil
  • utvida ordrettingsprogram

Du kan lesa meir om lese- og skrivevanskar hjå Dysleksi Norge.

Har du spørsmål?

Ta kontakt!

Katrine Tvilde

avdelingsleiar tilrettelagt opplæring
Tvilde,Katrine.jpg