Voss helsestasjon og skulehelseteneste har tilbod om gratis foreldrerettleiingsgruppe til foreldre i Voss herad med born i alderen 0-18 år.
Kjærleik og respekt er sentralt i borna sine liv. Gjennom programmet kan du møta andre foreldre i gruppe for å utveksle erfaringar om forholdet til borna dine. Målet er at den enkelte forelder skal vera trygg forelder, ved å verta bevisste på kva ein gjer som er bra for borna. Du får inga ferdig oppskrift, men hjelp til å finne eigne løysingar for deg og ditt barn.
Samtalane i foreldregruppene tek utgangspunkt i dykkar erfaringar frå kvardagen. Fokus er retta mot korleis foreldre oppfattar borna sine.
For meir informasjon om kva ICDP er: https://www.icdp.no/hva-er-icdp/
Gruppa består av 6-8 føresette og 2 rettleiarar. Det er lagt opp til seks gruppemøter.
Desse møta skjer på Knutepunktet onsdagar mellom 13.30 og 15.00.
Oppstart er 29. januar og skjer kvar onsdag unntatt i veke 8, då er det vinterferie.
Meld di interesse på e-post: charlotte.w.larsen@voss.herad.no eller
brit-tone.rokne@voss.herad.no
Påmeldingsfrist innan 15. januar 2025. Meld i frå om de melder på ein eller to føresette.